Sølve Rydland's Avatar

Sølve Rydland

@solveryd

Politisk redaktør i Bergensavisen (BA).

1,323
Followers
757
Following
461
Posts
13.11.2024
Joined
Posts Following

Latest posts by Sølve Rydland @solveryd

Koffor har ingen fortalt meg at fleire av karakterane i Calle Hellevang Larsen sin nye serie er kalte opp etter gamle Brann-spelarar? Geirmund Brendesæter vert funnen død i ei campingvogn, Frank Strandli er statsminister, og Martin Andresen er kuratoren til dronninga. Må visst sjå resten òg …

06.03.2026 22:25 👍 14 🔁 1 💬 0 📌 0

Men ræveknusar, gjerne etter «ein gong ani», «gris» eller «ein gong nedi» er jo òg ein klassikar. Bevares.

05.03.2026 21:15 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0

Usikker. Trudde vinnarstraffe var meir enn nok i «proff og loff».

05.03.2026 21:03 👍 0 🔁 0 💬 1 📌 0

Til deg som trudde barn berre var på skjerm: Neida, på Nymarksbanen vert klassikaren «Proff og loff» utøvd av unge og håpefulle.

05.03.2026 18:40 👍 19 🔁 0 💬 3 📌 0
Preview
Kor vart det av den erkebergenske handlekrafta? Bergen var ein gong byen som var villig til å satsa, sjølv om staten var gniten og treig. Den byen er ikkje til å kjenna igjen.

Bergen var ein gong byen som var villig til å satsa, sjølv om staten var gniten og treig. Nærmast utan hjelp greidde byen å bygga bygg og institusjonar som ikkje stod tilbake for noko. Den byen er ikkje heilt til å kjenna igjen. www.ba.no/kor-vart-det...

28.02.2026 10:11 👍 11 🔁 1 💬 0 📌 0

– Modig, klok og kynisk, sa Freyr i pausen. Hallo, Freyr! Dette er Brann! Her er det feig, dum og naiv som har vore oppskrifta i nesten kvar kamp sidan 1908.

26.02.2026 21:05 👍 3 🔁 0 💬 1 📌 0

Leve overtenningen!

26.02.2026 20:45 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0

Palle sitt skyhøge tenningsnivå smitta over på både Huseklepp og Viaplay-reporteren i før-kampen-intervjuet. Dei skrudde opp intensiteten ti hakk. For ein mann! Euro-Palle fiksar biffen i kveld. ❤️‍🔥🔥❤️‍🔥

26.02.2026 19:51 👍 8 🔁 0 💬 1 📌 0
Preview
Utlendingane har oppdaga kryptonitten me hadde gløymd at me hadde Den norske idrettsmodellen er nesten umogleg å kopiera, men ganske fort gjort å øydelegga.

Den norske idrettsmodellen, som dei siste dagane gar fått internasjonal merksemd, er under press og vert ofte latterleggjort på heimebane. Det er no på tide at fleire stiller opp for ein modell som ikkje berre skapar gull, men gode lokalmiljø, folkehelse, og demokratilæring.

23.02.2026 13:54 👍 15 🔁 0 💬 0 📌 0

Idrettsleiarar som veivar med flagg på avslutningseremoniar. Der har du litt av ein gjeng …

22.02.2026 21:14 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0

Seremoni på arenaen i Verona er fint det. Men kjem ikkje Sissel snart?

22.02.2026 21:09 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0

Jesus lever, iallfall, sjølv om han chilla han på benken heile kvelden.

22.02.2026 18:51 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0

Bjørgen: feiltrent. Alsgaard: lagt opp. Northug: fekk ikkje vera med. Hetland: feila.

Bortsett 2018, då anonyme Haga og Krüger vann, er det berre dei store skiikona som har vunne OL på distanse.

Utan stjerner vert det sjeldan gull. Mellom Formo (76) og Ulvang (92): Null individuelle gull.

22.02.2026 16:50 👍 2 🔁 0 💬 0 📌 0

Ho tok ikkje. Ho annekterte.

22.02.2026 15:32 👍 9 🔁 0 💬 1 📌 0

Denne hockey-finalen i OL er på høgde med det aller beste eg har sett i Badekaret på Slettebakken.

22.02.2026 15:30 👍 12 🔁 1 💬 0 📌 0

Akkurat som i badekaret, jo!

22.02.2026 15:23 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0

Atle Lie McGrath har noko å læra til alle menn som ikkje greier å snakka om kjenslene dine, og slit med sjølvregulering. 1. Kast eitt eller anna. 2. Gå ein tur i skogen. 3. Skaff deg litt åleinetid. 4. Still opp og forklar deg med rak rygg på norsk, engelsk og tysk.

16.02.2026 16:42 👍 47 🔁 2 💬 0 📌 0

Dagurdraumar i februar.

13.02.2026 18:44 👍 11 🔁 0 💬 0 📌 0
Preview
Typisk norsk Den norske livsløgna er daud. Leve livsløgna.

🇳🇴🫎🌲Norge var annleislandet der kongen tok trikken, statsleiarar fekk servert makrell i tomat heime hjå utanriksministeren, og statsbesøk skjedde på hytta eller garden til statsministeren. Den norske livsløgna er no stein daud. Likevel: Leve livsløgna. Den er langt mindre usmakleg enn alternativet.

12.02.2026 13:31 👍 24 🔁 2 💬 1 📌 1

Det heng saman med at den same målinga er brukt i fleire ulike saker.

05.02.2026 14:22 👍 0 🔁 0 💬 1 📌 0
Post image

Kva googla du i 2011?

31.01.2026 15:05 👍 5 🔁 0 💬 5 📌 0
Preview
Toler ikkje egoet ditt at andre plogar? Grav deg ned i tide! På Vestlandet er ikkje ploging berre ein overlevelsesstrategi. Her er ploging heile skiopplæringa. Om du lurte: Ein gong måtte eg faktisk vera plog for ein gjeng med austlendingar i naud.

Beklager, folkens! Eg har meldt meg på diskusjonen eg burde ha halde meg langt, langt unna. Heilt rett; den diskusjonen som er like smal som som skiene austlendingane vert fødde med. Ja, den om det er lov å ploga i skiløypa eller ikkje. Eg kan ikkje anna enn å åtvara deg. www.ba.no/toler-ikkje-...

31.01.2026 09:18 👍 10 🔁 0 💬 0 📌 0

Dei kan fort vera borte for å laga plass til andre. Finne og Soltvedt derimot. Bankers.

30.01.2026 18:11 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0
Post image

Viaplay tar ingen risiko. Promoterer neste europaligakamp med dei to spelarane dei er sikrast på at ikkje vert selt før vinduet vert smelt igjen.

30.01.2026 17:56 👍 36 🔁 0 💬 1 📌 0

Akkurat som om eg skulle ha sagt det sjølv…

30.01.2026 17:18 👍 7 🔁 0 💬 1 📌 0

Ja. Kanskje er planen å møta Bologna/Genk med Sande og Pedersen som indreløparar.

30.01.2026 00:01 👍 4 🔁 0 💬 1 📌 0

Med den logikken har Brann holdt nullen borte mot Molde sidan tidleg 2000-tal. Likar tanken.

29.01.2026 22:40 👍 9 🔁 0 💬 0 📌 0

Per-Ove har ein plan, Per-Ove har ein plan, Per-Ove har ein plan, Per-Ove har ein plan, Per-Ove har ein plan, Per-Ove har ein plan, Per-Ove har ein plan, Per-Ove har ein plan. Kom igjen, alle saman: Per-Ove har ein plan.

29.01.2026 22:36 👍 17 🔁 0 💬 2 📌 0

Typisk Brann å vinna utan å vinna.

29.01.2026 22:22 👍 15 🔁 0 💬 2 📌 0

Ikast FS/Herning Fremad har vore effektive, men dette kan Brann ta!

22.01.2026 18:44 👍 5 🔁 0 💬 0 📌 0