Sju galningar: En samtale om kjeltringer, skitten realisme og oversettelse
"Sju galningar" av Roberto Arlt regnes som et hovedverk i argentinsk litteratur. Samtale med Øystein Vidnes og Mirko Stopar.
I morgon ettermiddag møter eg Mirko Stopar til ein prat om ei av verdas klart sprøaste bøker. Mirko er ein kjennar av forfattarskapen til Roberto Arlt, vi har prøvd å få til eit møte sidan omsetjinga av «Sju galningar» kom ut for to år sidan. Og no blir det endeleg, på biblioteket i Bergen.
11.02.2026 12:32
👍 1
🔁 0
💬 0
📌 0
Bokmelding i Morgenbladet av George Eliots roman Silas Marner (Skald forlag 2025, omsett av Øystein Vidnes), med ingressen «Et lite mesterverk fra 1861 er den beste romanen gitt ut på norsk i år».
Her er eit nytt bidrag i biletsjangeren «Vanitas», ikkje for å peike på døden, men på tabloidavisa Morgenbladet og kritikar Erik Riis Mossefinn som har gjort ei vurdering som fell heldig ut for ein for lengst avdød, men smilande forfattar.
12.12.2025 11:42
👍 2
🔁 0
💬 0
📌 0
Everyday life in western Norway, drawing by Leon (6)
Leon (6) skildrar livet på vestlandet.
24.11.2025 08:16
👍 26
🔁 2
💬 1
📌 0
Død og pine, naturlegvis, dei var gode på det på 1800-talet, og gode historier og sterke kjensler. George Eliot skreiv ikkje om monster, men om heilt vanlege, tussete, pengelense eller åndsfattige, fargerike og bleike folk på eit vis som sjølvsagt var skrekkeleg nok for mange.
14.11.2025 11:39
👍 1
🔁 0
💬 0
📌 0
Kva har desse to bøkene til felles, bortsett frå at begge er skrivne av kvinner som døydde før oldeforeldrene dine blei fødde, og at eg har fått lov å transplantere dei om og puste nytt bokliv i dei, i klassikarserien til Skald?
14.11.2025 11:39
👍 1
🔁 0
💬 1
📌 0
Både eg og Yorick har fått med oss at Frankenstein i desse dagar er gjenstand for nærlesing i NRKs Leseklubben og ser med gru på at nett denne utgåva blir utsett for dissekering. Kva om dei finn nokon skjulte skavankar, kviskrar eg, eller vrakar vårt tapre språk? Yorick berre gliser.
14.11.2025 11:37
👍 1
🔁 0
💬 1
📌 0
Norwegian editions of Frankenstein by Mary Shelley and Silas Marner by George Eliot.
Død og pine, ny gammal bok i hus! Tradisjonen tru må ho ut på kontorbalkongen for fotografering. Denne gongen får ho med seg eit slitt eksemplar av Frankenstein, i lag med min glade kompanjong Yorick.
14.11.2025 11:35
👍 10
🔁 4
💬 2
📌 1
Men språket er ein bekk som nesten alltid smakar av mange slags mold. / Omsett av Øystein Vidnes
Den øyredøyvande stilla på kontoret idet ein har sendt ting i trykken. Når det er ute av hendene og skal få renne ut i verda på eiga hand? Baksida av ei komande bok.
28.10.2025 15:49
👍 14
🔁 1
💬 0
📌 0
Det skyer til. På veg til Odda, for å prate om stormannsgalskap og den sprø oppfinnaren Roberto Arlt, som på 1920-talet skreiv romanar som var ville nok til å spegle tida vi er på veg inn i. Eller? Hiv deg på bussen, så sest vi på Sentralbadet kl 15. Ok? www.litteratursymposiet.no/program/stor...
03.10.2025 10:14
👍 3
🔁 0
💬 0
📌 0
Bookshelf, Dag Solstad
Kvar dag, på veg opp trappa frå soverommet, støter eg på Dag Solstad, om eg er søvnig kan eg kome i skade for å skubbe til han med skuldra. At hans meir mobile, uføreseielege, verbalt slagkraftige og vimsete biologiske framtoning er borte, er eit tap, men i denne trappa blir han ståande.
18.03.2025 13:53
👍 6
🔁 0
💬 0
📌 0
Her på rotekontoret jublar eg over at omsetjinga mi av boka Plasticus maritimus er nominert til Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur! Gledeleg om det kan gi boka endå litt fleire lesarar, for det er eit viktig – men fascinerande! – tema. www.nbuforfattere.no/2025/02/26/d...
27.02.2025 08:52
👍 5
🔁 0
💬 0
📌 0
Bokbyen i fare Sogndal kommune på ville vegar
Bokbyen i Fjærland viser ein mogleg veg vidare for døyande lokalsamfunn. Denne vesle utopien som har kosta kommunen knappar og glansbilete, er no truga av ein reduksjon i den minimale støtta.
Litt gjentaking på min kanal, men teksten min om bokbyen i Fjærland blei eigentleg skriven på oppdrag frå den gode redaktøren i tidsskriftet Vagant, Audun Lindholm – som òg har jobba i bokbyen i si tid. Også nordens leiande kulturtidsskrift har eit hjarte for denne vesle utopien inst i ein fjord:
29.01.2025 15:01
👍 5
🔁 1
💬 0
📌 0
Ja, den er verd fleire besøk. Forresten ser eg at bokbyen i Fjærland ikkje har vore nemnt ein einaste gong på Bluesky tidlegare. Det er jo bra å få retta opp i dette. Og du blei første. Gratulerer!
29.01.2025 10:19
👍 1
🔁 0
💬 0
📌 0
Just your casual Nazi salute from Elon.
20.01.2025 20:35
👍 484
🔁 70
💬 46
📌 21
VENNETAPET måtte teksten heite, tenkte eg meg, då eg fekk høyre om sjukdommen til Øyvind og brått skjønte kor alvorleg det var. Vennetapet, måtte eg skrive, om det verste skulle skje, og det skulle vere like rasande sorgtungt, like frodande om munnen som Egil Skallagrimssons kvad om sonetapet, der han fantaserer om å reise ut i strid mot storm og hav og gudar. «Vennetapet» skulle ikkje mane fram i all si heilt uvanlege breidde kven Øyvind var, men kva han var. Kva det ville seie, ikkje kor vanskeleg, men kor umogleg det er at Øyvind er vekke, ikkje berre for meg, men for alle Øyvinds vennar, og dei var mange.
Om Øyvind verkeleg skulle døy, ville eg bli rasande. Det gjekk ikkje an! Men eg er ikkje rasande. Og det gjekk an. Eg er berre i ei anna verd, ikkje «Ei verd utan hestar», som den siste, fine boka hans heitte, men ei like utenkjeleg verd, ei verd utan Øyvind Vågnes. Men verda med Øyvind, den verda der han fanst, finst framleis, som eit tenkjeleg alternativ, for dei som kjende han, ja, det mest tenkjelege. Øyvind var så mykje for mange, i tillegg til det han var for dei aller næraste, forfattar, kritikar, professor. Men for meg og ein uvanleg stor krins av menneske, var han ikkje berre ein venn, men ein som viste fram kva vennskap kunne vere, korleis det såg ut.
Eg flytta inn i verda til Øyvind, eller meir spesifikt i studentkollektivet til Øyvind, den dagen Diana døydde, altså hausten 1997. Ikkje at Diana hadde det ringaste med saka å gjere, men det var som om alt i verda hadde sin plass i det ombygde tørkeloftet i Magnus Barfotsgate 11. Her fanst det plater, bøker, filmar, vin, døgnville middagar og endelause søndagsfrukostar. Og inst, på det trangaste loftsrommet, sat ein langhåra sunnmøring og visste meir om det meste enn du kunne drøyme å spørje om, likevel alltid nysgjerrig på meir, med bøkene og papira sine i sirleg orden. Han verka fylt av ei påfallande blanding av livslyst og heilt uanstrengd disiplin. Heilt umerkeleg smatt han inn og ut mellom rol…
Teksten min om tapet av Øyvind står også i Klassekampen i dag.
11.01.2025 19:53
👍 15
🔁 0
💬 1
📌 0
Øyvind Vågnes (1972–2025) Livslyst og uanstrengt disiplin
Skandinavisk tidsskrift for kritikk og essayistikk
Å miste ein venn. Etter ein telefon på toget i Tyskland før jul, fekk eg brått ein tung klump i magen, ei sky over hovudet og eit tynn strime av håp som sende eit veikt lys inn i det nye året, men slokna på tysdag, då Øyvind Vågnes døydde. Klumpen og skya blir verande. Om tapet av Øyvind:
10.01.2025 08:53
👍 15
🔁 3
💬 2
📌 0
Dokumentarserien «Tyskland på tvers» rullar vidare, med episode 2, Hagenow–Halle. Einsformige parti blir fylt av favorittaktivitetar: Teikning (eller teiknologi, som det heiter i femåringens vokabular) og løysing av matteoppgåver.
20.12.2024 15:13
👍 2
🔁 0
💬 0
📌 0
Klare for dokumentarserien «Tyskland på tvers». Første episode: Kiel–Hagenow. Forteljarteknisk ikkje avansert, men widescreen-formatet fengar.
16.12.2024 20:06
👍 10
🔁 0
💬 0
📌 0
Generell observasjon frå son (9): «Eg veit det heiter oppdragelse. Men det følest som utpressing.»
15.12.2024 13:08
👍 5
🔁 0
💬 0
📌 0
Forbausande nyvinning i det etablerte vaksenlivet: juleferie utan bil. Kiel neste.
15.12.2024 12:44
👍 9
🔁 0
💬 0
📌 0
Det er en grunn til at både Wolfgang Wee og Erna Solberg vil være kulturminister
Hva skal vi egentlig med en kulturpolitikk? Slike spørsmål bør et samfunn alltid være rede til å diskutere – og særlig i en situasjon som i dag, skriver Bernhard Ellefsen.
7 I vekas Morgenbladet skriv Bernhard Ellefsen korleis det såkalla Kulturbrevet, forfatta under krigen, er eit grunnlag for å forstå den vellykka norske kulturpolitikken i etterkrigstida. Det er denne som no blir bygd ned. Og det kjem til å bli verre, mykje verre, under FrP-regjeringa 2025–2029.
09.12.2024 10:25
👍 3
🔁 0
💬 0
📌 0
(+) Bak døra høyrde ordføraren at det var han dei prata om. Då skrudde han på opptaket
– Det var ei slags kollokviegruppe der dei planla neste trekk. Eg vart sjokka då eg høyrde kva dei sa om meg.
6 I mellomtida er lokalmedia og kommunetoppar opptekne av intriger det er vanskeleg å få grep om, med ein ordførar som føler seg forfulgt og gjer lydopptak av møte han ikkje er invitert til, og varaordføraren meiner oppførselen er ei sak for politiet. Og avisa skriv referat, lange som eit vondt år:
09.12.2024 10:05
👍 1
🔁 0
💬 1
📌 0
4 I tillegg til biblioteket vil også politikarane legge ned frivillighetssentral og kommunalt treningssenter. Dette vil foregå ved å skalere ned oppussinga av bygget der desse held til i dag, og som skulle ha blitt ein møteplass, men i staden skal bli kombinert administrasjonsbygg og spøkelseshus.
09.12.2024 10:03
👍 3
🔁 0
💬 1
📌 0
3 Å legge ned bibliotek er å gjere samfunnet mindre demokratisk, mindre jamstilt og mindre sosialt. Den pågåande demonteringa av kulturen har no nådd oss i Midtre Gokk, eller rettare sagt Leikanger i Sogn, der politikarane i Sogndal no altså foreslår å legge ned biblioteket.
09.12.2024 10:03
👍 4
🔁 0
💬 1
📌 0
2 Av dette trekk eg slutninga at biblioteket er ein fødestad for allslags draumar. Vil du late som du er på eit kjøpesenter, så er du fri til å late som du betaler med leikepengar. Men denne rare plassen, der der du kan få lese alt du peiker på, er ein nødvendig sikringsventil i samfunnsmaskineriet.
09.12.2024 10:02
👍 3
🔁 0
💬 1
📌 0
Høyrt på det lokale biblioteket i Midtre Gokk: Tre elleve-tolvårige jenter kjem inn. Med stjerner i auga lar den eine blikket sveipe over bokreolane og seier: «Vi kan late som vi er på eit kjøpesenter!»
09.12.2024 10:02
👍 10
🔁 0
💬 1
📌 1